laurdag 15. mars 2008

Hagedag

I dag kom eg meg ut for å styre litt i hagen for første gong i år. Det er mykje tørt som skal vekk, og faktisk er det litt ugras å finne. Desse primulaene får kanskje nytt liv ute?
Eg hadde løkar i ei potte til. I år som i fjor fann eg tulipanar i Ulsteinvik. Ein kan sjølvsagt dyrke dei fram sjølv, men då må ein kome på det litt i forkant. I fjor tenkte eg at det neste blir vel at dei fyller utepotter med ulike løkar, så slepp ein det og. I år har eg sett slike samanplantningar både i Ulsteinvik og på Hareid. Lettvint skal det vere! Og kvifor ikkje?
I dag har eg lese dei tre siste CD-ane medan eg har styrt både ute og inne. Måndag skal eg levere lydboka inn att. Denne gongen tok eg ingen sjansar. Den nye MP3-en stoppar og slår seg på att midt i eit spor dersom eg set på pause og den slår seg av. Det er ein fordel når spora er på 15-20 minutt som på denne boka.

3 kommentarer:

joshua sa...

I feel super by saying that this is realy one of the very best blogs I've ever visited yet!

Congrats! Take it like a blossom blessing as I'm bloging around!

PALAVROSSAVRVS REX

Besta sa...

Ser at du også har fått ein ny venn!
Min MP 3-spelar/walkman kan eg stoppe kvar eg vil og sette på att, men viss eg "dett ut" og må spole tilbake, må eg Heilt tilbake der sporet tek til. Nei, lat oss få minst 20 spor på kvar plate!

solveig sa...

Eg ser han har ein haug med bloggar. Veit ikkje heilt korleis eg skal ta det. Han forstår vel like lite norsk som eg forstår portugisisk? Eg har alltid kunna stoppe midt i sporet og ta pausar, dvs. små pausar. Men så slår MP3-ane seg av for å spare batteri. Denne nye begynner då akkurat der ein stoppa, den forrige begynte på byrjinga av sporet. Framsteg altså.