tysdag 18. mars 2008

Besøk frå Molde


På menyen stod det lammelår. Viss nokon ein gong skulle spørre meg om kva som er yndlingsretten min, eit standardspørsmål i portrettintervjua i Vikebladet/Vestposten, ville eg ha svart lammelår. I dag steikte eg to lår på 175 grader.

Og så får eg ta med mormor sitt tips for god, brun saus.
- Begynn å lag bruning når du set steika i omnen. Brun den sakte og kok sausen lenge i jerngryte. I tillegg til sjyen har du ein kopp kaffi med fløyte i sausen, det gjer susen.

4 kommentarer:

arieldog sa...

Mmmmmm, seier no eg. Det ser ut til at det blir julemiddag her på søndag, det er passeleg lettvint når ein skal i kyrkja først (det har vi prøvd nokre gonger). Eg har ikkje fått med meg om Moldegjengen skal til Ø i sommar? Kjekt med jamgamle born og ungdomar, og triveleg måte å vere ilag på.

solveig sa...

Julemiddag ein god nummer 2? Nr 1 for dei fleste, sikkert. Moldenserane, i alle fall Eivind med foreldre har bestilt seg hytte!
Eivind og Håkon er blitt så store no at Olaug får vere saman med dei utan problem. Trur eg hadde likt ein sånn ferie i rette alderen!

arieldog sa...

Ja, det tenkjer eg òg på. Særleg med tanke på badeaktivitetar, minigolf m.m. Vitek truleg med nokre rulleskøyter òg - synest å hugse der var asfalterte småvegar rundt heile området.

solveig sa...

Det tipset tek vi med oss. Håper langtidshukommelsen ikkje sviktar. Ein kan ikkje vere sikra 28 grader og sol slik vi har hatt dei to siste gongane i Ø. Vi har ikkje gløymt ekstremveret som vi vart utsette for på Ystad i fjor. Eitt år hadde vi ein regnversdag i Ø, då reiste vi ei mil eller to og var nokre timar på eit kjempekjøpesenter. Elles så er der no innandørsbading. Så ein er mykje betre sikra.