onsdag 5. mars 2008

Dokumentar: Verkelegheita overgår fantasien

Det tok meg ikkje mange dagane å lese denne boka om. Først trudde eg det var ei klassisk forteljing om ei svensk jente som forelskar seg i ein muslimsk mann. Fordommane mine blomstrar. Dama er på min alder, og eg hugsar godt at slikt skjedde på 80-talet. Mia trassar familien, slik at det vert vanskeleg for henne å innrømme mishandling. Å, som eg irriterer meg over at ho ikkje ser teikna tideleg!

Etter kvart endrar boka seg til å handle om terrorisering av medmenneske. "Systemet" si evne til å "hjelpe". Kva har sosialkontor, politi og rettsvesen å stille opp med? Boka er gripande. Det tok meg berre eit par-tre dagar å lese henne.

Dette var spennande. Heldigvis har eg oppfølgjaren liggande på MP3-en. Etter halvlesen bok sit eg att med: Dette kan ikkje vere sant! No må det snart ta slutt! Det er ei bok med meir elende, men også ei bok om pågangsmot. Akkurat no er familien i Santiago i Chile. I same tempo har eg nok lese ut boka i morgon eller fredag.

1 kommentar:

Besta sa...

Trur ikkje eg har lese bok nummer to....Fekk kanskje nok av den første?
No les eg Kafka på stranden, den er på heile 17 CD-ar og eg held på med nummer 7. Den er berre heilt fascinerande! Forstår godt at veninna di har Haruki Murakami som yndlingsforfattar.Og Duc Mai The les så flott!!!