fredag 28. mars 2008

Radioteater

No har eg nettopp høyrt radioteateret sin oppsetting av En nødvendig død av Jan Mehlum. Det som var greit med det, var at det var lett å halde stemmer frå kvarandre. Det var skrive for å lyttast til. Men eg irriterte meg litt over at mysteriet var så overtydeleg. Ein forstod forstod løysinga tidleg, og så måtte det seiast eit par gongar til om de forstår. Omtrent som på amerikansk film.
No har eg lese om boka høyrespelet har tatt utgangspunkt i, og forstår sjølvsagt at det hadde vore kjekkare å fått med seg heile handlinga.

Elles må eg seie at eg har sansen for vittigheitene i språket til Jan Mehlum. Helten er advokat med ei tenåringsdotter. Kanskje ikkje så originalt, men, men. Eg kjem absolutt til å lese fleire bøker av han om eg kjem frampå dei!

1 kommentar:

Besta sa...

Eg har lese nokre bøker av han, men hugsar ikkje kva dei heitte, berre at eg likte dei. Så mykje krim som eg har lese siste åra, rotar det seg litt til på "harddisken."