laurdag 1. mars 2008



Eg har fått ei utfordring, nemleg å legge ut noko anna enn "glansbilde" på bloggen, ja kanskje til og med ei flause. Før i dag hadde eg tre tankar.

1. Eg kunne no gjere det enkelt. Ta eit bilde av salongbordet her i huset, så kunne no blogglesarane berre samanlikne med Margrete sitt. Ingen her måtte vite om planen, og det såg lenge bra ut. To berbare datamaskinar, aviser, teikneutstyr, hårklemmer, mobil og MP3-spelar. Så øydela Øystein heile planen utan å vite om den. Han beordra rydding. Så no må blogglesarane berre bruke fantasien.

2. Då Elin hadde køyrt seg fast og fortalt om det, var eg nær på å fortelje om då eg stod fast i sørpa på parkeringsplassen på Høddvoll, same dag. Eg var heldig, i tillegg til Audun kom ein kar eg så vidt drog kjensel på å skubba. Eg måtte rygge for å ta ny fart. Bilen var uskadd. Eg slapp unna med eit sveittebrot.

3. Eg kunne no fortelje om ei av lastene mine: Late morgonar. Når eg har fri likar eg å ligge frampå. Då ungane var små, varskudde eg mødrene i nabolaget at vi skulle vere inne til 10. Ingen ungar fekk ringe på før den tid. Den tida sov eg ikkje, men gjorde unna frukost og husarbeid. Ungane var stort sett fredelege og leika seg til den tid. Etterpå gjekk vi ut og leika. Dette sit i enno. Ingen ringer på her før 10. Det er ikkje folkeskikk å ringe etter 10 om kvelden. Eg synest den regelen kunne gjelde om morgonen og, i helgar og feriar , meiner eg. I vinterferien var det ein telefonseljar som ringte frisk og opplagd frå ein stad det var nydeleg ver.Klokka var ikkje 10."Hvordan er veret på Hareid". "Ej he'kje peiling, ej he'kje stått opp enno." "Såpass!" Stakkars barna i Darfur. Det vart ikkje mykje pengar på dei.

Eg klikkar meg av og til vidare inn i bloggverda og ser at folk brukar bloggane til så ymse. Nokre legg ut om kreftsjukdom andre om skilsmisser. Dei aller fleste skriv om hobbyar eller interesser. Andre igjen skriv dagbok for slekt og venner. Min blogg kjem nok også i framtida til å handle om kva vi styrer med her. Eg har alltid i bakhovudet at naboar, kollegaer og elevar kan lese det eg skriv.

Ingen kommentarer: