måndag 27. april 2009

Og kor du bryggjar og kor du bakar


ETTERSTEV


Til Lags aat alle kann ingen gjera;

det er no gamalt og vil so vera.

Eg tykkjer stødt, at det høver best

aa hjelpa den, som det trenger mest.


Og kor du bryggjar og kor du bakar,

d'er alltid ein, som det ikkje smakar;

og naar den eine daa gjerer Rop,

so ropar sidan den heile Hop.


D'er mange nog, som vil Domar vera

og læ aat alt, som dei andre gjera.

Og Lyte finna dei rundt i Kring,

og sjølve gjera dei ingen Ting.
---
Ivar Aasen Heile diktet finn du her.
---
Eg kjem ofte på dette diktet når eg driv og lagar mat. Eg har ofte hengt det opp på ei oppslagstavle på skulekjøkenet også. Det er skrive for 150 år sidan, men gjeld den dag i dag!
---
I dag har eg baka botn til Lady Golden Glow. Første gongen eg smakte det, var i ein av konfirmasjonane på 70-talet. Naboen over vegen kom med den fantastiske kaka. Det som er kjekt med sunnmørske kaketradisjonar, er at det kjem framande kaker i hus til store festar.
---
No har det blitt ein tradisjon at eg bakar denne kaka til konfirmasjonar her i huset. Det er ei kake som konfirmantane brukar å like godt. Men eg må innrømme at no kan den bli i overkant søt til meg.

10 kommentarer:

Elin sa...

Mi tante Bergljot laga alltid denne kaka. Nam nam, søt og god!

Besta sa...

Denne kaka har eg laga nokre gonger, men den er VELDIG søt. Men god i små mengder!Sjokolade og appelsin er smakar som passar i lag. Kan ikkje tru at vi fekk denne kaker med naboen-einaste eg kan tenkje meg laga den til oss må ha vore Rigmor.

solveig sa...

Ingunn meiner eg. Hugsar eg var imponert! Men eg hugsar ikkje om det var til min eller Rasmus sin konfirmasjon.

arieldog sa...

Eg meiner at eg smakte den første gong i Torvika...

Anlen sa...

Eg trur ikkje at eg har smakt denne, eg! Det er for ille.... Det må nok ein konfirmasjon til:)

solveig sa...

I Torvika fekk vi Tropisk Aroma ein gong, hugsar eg. Men den hukommelsen.......
Eg har planar om å legge ut oppskrift når eg har fått pynta kaka.

Elin sa...

Hmm, dette var spennande, kva anledning kunne det vere? Tilbake til Bergljot, ho laga også Tropisk Aroma og så ei fantastisk sjokoladekake (Verdens Beste) av sukkerbrød, med ei blanding av eggekrem/vanilje mellom laga, og sjokoladeglasur med litt delfiafett på toppen, ho var kjempegod, men litt vanskeleg pga. at kremen lett ville skilje seg.
Eg har forresten ikkje fått gode tips om lagkake, merkeleg, ikkje finn eg det når eg googlar heller.

solveig sa...

Eg er litt usikker på kva du meiner med lagkake?

Elin sa...

Det er ei type skuffekake, gjerne med litt mandelsmak, fylt med sjokoladeglasur, og glasur på toppen, skjærast i snittar trur eg.

solveig sa...

Den er faktisk ukjend for meg.......