måndag 6. april 2009

Bok 19:Forutinntatt


Påske er krimtid.


Denne boka har lagt på biblioteket ei tid. Grunnen til at eg ikkje har lånt ho før, er at eg veit eg har sett TV-innspelinga. Men gjer det noko? Så mykje krim som eg ser og les, vert ikkje mykje gløymt?

TV-serien "Arr i sjelen" med psykologen Tony Hill og etterforskaren Carol Jordan kjem høgt opp på lista med mine favorittar, ja kanskje øvst. Og når boka er betre enn filmen, vert dette god krimlitteratur.

Når det gjeld hukommelsen, vart eg overraska over meg sjølv. Det varte ikkje lenge før eg hugsa mordaren. Elles såg for meg stader og personar. Men det gjorde ikkje noko. Mykje går tapt på vegen frå bok til film. No kan eg tenke meg å lese bøkene før filmane.

I kveld vert det britisk krim.

p.s.
Fredag kveld var det ein svensk krim som eg likte. Den opna med eit uhell som hovudpersonen prøvde å skjule. Dette er den verste opninga eg veit. Men ein kunne ikkje forutsjå resten av handlinga.

3 kommentarer:

Besta sa...

Eg hugsar bøkene i bilde, så når eg ser Tv/filmar med andre bilde enn mine eigne, hugsar eg ingen ting.Og så les eg ikkje alltid tittelen på bøkene, det har eg blitt flinkare til no når eg bloggar.Denne boka har eg ikkje lese,men den du les no, kjenner eg. Det er ein relativt ny forfattar, og eg har lese to bøker av han. Sov godt hugsar eg faktisk ganske godt.Bra bok!

solveig sa...

Då eg las denne, hadde eg allereie bilde frå Tv. Det er kanskje lettare. No håper eg å kome over bøker som ikkje er filma av same forfattar. Det kan no vere greitt med britisk krim etter all den svenske og norske eg har lese i det siste. Det er rart med det. Konkurransen er nok større i England.

Anlen sa...

Ynskjer deg og dine ei god påske, med mykje tid til god krim:)