torsdag 23. april 2009

Konfirmasjon for 30 år sidan

Då eg leitte etter gamle bilde tidlegare i ettermiddag, kom eg frampå desse frå ein konfirmasjon i Ørsta i 1979. Det er eit artig gjensyn med folka, men også med motar og interiør.
Den lampen synest eg var veldig flott, og forstod ikkje at dei ville skifte den ut i si tid.

Eg har skrive om den tragedia som ramma bygda denne vinteren tidlegare. Her ser vi på restane av øydeleggingane.
Ein litt eldre kollega snakka ein gong om kor kjekt det var den tida ein sende rundt kakene. Det er ikkje vanleg på sunnmørske kakebord no. Men der var rikeleg kaker både til den dagen og til naboane dagen etter. Eg kan ikkje hugse om vi hadde kakebord eller ikkje. Kakene kom nok på bordet uansett til slutt. Mormor passa alltid på at mamma nøyda nok.
--
Eg "hissa på meg" ei sunnmørsdame for nokre år sidan då eg kom med denne påstanden:
- Sunnmøringar bakar til etterpålag.
- Nei, nei får så mange restar at dei må ha hjelp av naboane til å ete restar, svarte ho.
- Det gjer dei slettes ikkje, svarer eg like påståeleg, då hadde dei aldri rekna ei kake pr person!
No overdriv eg kanskje, men det er ikkje uvanleg å ha halvparten så mange kaker som der er personar. Og så satsar mange på å invitere naboane dagen etter når dei først er i siget. Dei siste åra har det vorte færre etterpålag. Folk er på jobb, så då kan ein like godt ta med kaker på jobb og dele med kollegaer. Det vert forresten også forventa.



5 kommentarer:

Besta sa...

Desse bilda kan eg aldri hugse å ha sett. Eg har dei i alle fall ikkje sjølv. Eg merkar meir og meir at ein treng bilde for å hugse fortida. Når eg ser både meg sjølv og andre+ interiøret på desse bilda,forstår ewg at det er nokre år sidan. Veldig koselig å sjå!

Besta sa...

Dei sunnmørske kakeborda er berømte/berykta.INGEN kan tru at ein treng så mange kaker som det ein stiller med. Etterpåselskapa er sånn passe festlige-med halv-etne kaker.Eit raskt reknestykke seier meg at desse bilda er frå Rasmus sin konfirmasjon.

solveig sa...

Ja, eg hugsar han var til konfirmasjonsførebuing den dagen fonna gjekk.

arieldog sa...

Litt vemodig gjensyn, men morosamt også!

Hildegard sa...

Nye bilder for meg også. Kjolane til Strikkemor og LilleMø er heimesydde av rimeleg bommulstøy! Har tatt vare på dei.
Eidabesta