laurdag 11. april 2009

Krig eller massemord?


I dag har vi motteke svært triste nyheiter i nabolaget. Naboguten vår har mist foreldra sine,to systre og ein svoger i eit bombeangrep på Sri Lanka. To yngre søsken er hardt skada. Naboguten er 17 år, og vart sendt til Norge for å berge livet. Her bur han i fosteheim.
---
For litt over ei veke sidan miste ein tidlegare klassekamerat av keeperen 11 familiemedlemar. Her kjenner eg ikkje detaljane.
---
Tamilane følgjer med på internett. Der finn dei lister over drepne. Slik kom namna opp. Dei andre tamilane på Hareid har og familie i same området. Dei høyrer ikkje ifrå dei. Telefonar eksisterer ikkje i teltleirane. Slektningen til guten fekk ein 2 minutts samtale med all informasjon.
---
Vi har sett demonstrasjonane på TV og høyrt om x antal drepne. No håper vi at det kan bli våpenkvile og fred.

3 kommentarer:

arieldog sa...

Fryktelege nyheiter, og ei viktig påminning om korleis nære medmenneske kan ha det.

solveig sa...

Verda vert stadig mindre...
Når noko skjer på andre sida av jordkloda, er det lett å ikkje bry seg. Så viser det seg at det er familien til naboar.
Alle tamilar har slekt på Sri Lanka som lever i stor usikkerheit no. Manger drepne er ikkje identifiserte. Med dårlege forbindelsar kan vi berre tenke oss.
Hadde det vore ein annan stad i verda t.d. Israel/Palestina.Kva då?

Besta sa...

Det som skjer er fryktelig vondt og trist. Og dei fleste av oss kjenner tamilar, sidan det er så mange av dei i Norge. Ein kan knapt sette seg inn i korleis det er å vere her og vite kva som skjer der borte. Vi får håpe på våpenkvile og fred, men for mange er det alt no for seint--