fredag 24. april 2009

Bok nr 24: Novellesamling


Sist eg var på biblioteket, lånte eg med meg ei novellesamling. Tanken var at då kunne eg lese så mange eg ville. No har eg altså lese alle.
---
Vi møter att same personane i fleire av novellene. Det liker eg godt. persongalleriet vert mindre. Nokre noveller var sjølvsagt betre enn dei andre.
---
Dårleg rettskriving/korrekturlesing irriterer meg. No har eg nettopp retta 40 stilar, og då vert ein litt opphengt i rettskriving. Her vert det rota med slepe/sleppe, bære/bere og endå/enno. Eller kva seier de om denne: Ein eller annan der ute som føl med henne. Ordet kø vert bøygd køa og køen i same avsnitt. Det vekkjer minne attende til 80-talet. Då var stiloppgåva: "I bilkø."
---
Eg trur aldri dette hadde passert i Samlaget.
---
p.s.
I dag var det mattetentamen. Ein av elevane klaga over norsken i ei av oppgåvene som kjem frå departementet. "Det heiter vel ikkje at kassa rømmer?"

3 kommentarer:

Besta sa...

Eg greier ikkje å lese verken tittel eller forfattar på boka.Men eg har ofte sett at nynorsk blir dårleg retta.Sjå berre på nynorsktekstane på TV.Eg irriterer meg også over sunnmørsk hokjønn på ord som eg er van til skal vere hankjønn, t.d. kø,tekst etc.Men det er visst lov? Enda/endå/enno blir rota veldig mykje med både på nynorsk og bokmål, til og med i kryssord! At kassa rømmer går eg med på.... viss det er noko i ho, eller kan vere.

solveig sa...

Det er lov, men eg ville ha skilt mellom å romme og rømme.

Besta sa...

I min dialekt heiter det helst røme-all den tid det vert brukt? Dei gamle sa i alle fall det.