fredag 10. april 2009

Meiningsmåling

Eg ser på teljaren at mange er innom bloggen min no i påska. Sjølv tek eg meg ein tur rundt i bloggverda og kikar. Det er sjeldan eg legg att kommentarar.

No håper eg at terskelen for å stemme på ei meiningsmåling er mykje lågare. Så sei di meining til høgre. Min favoritt skal eg ikkje røpe enno, men der er visse hint i bloggen min.

P.s. Det er sjølvsagt fullt muleg å seie si meining med grunngjeving under dette innlegget.

3 kommentarer:

Elin sa...

Hei, har rett og slett ikkje fått med meg krim denne påska! Vi har ein tv, og stova og tv-en har vore disponibel til ungdomane mange kveldar.
Men eg såg Millenium-filmen, og den var kjempebra etter mi meining. Hadde ikkje så store forventingar. Berre dumt eg ikkje kjem til å like Beck like godt i framtida, han er jo ein av mine favorittar i kvardags-krimverda. Artig at mannen på verandaen også var med!
Fortsatt god påske!

solveig sa...

Milleniumfilmen gler eg meg til. Han har ikkje kome hit enno....

Besta sa...

Her i Ørsta har vi såkalla premiere-kino, dvs.at filmane kjem hit på samme tid som i Oslo. Så Milleniumfilmen blir nok snart teken AV plakaten her.Utan at eg har sett han.Men eg har sjølvsagt lese boka.