laurdag 18. april 2009

Raskumar



11. april fortalde eg om naboguten vår, Raskumar, som har mist foreldra sine og to søsken i bombeangrepa på Sri Lanka. Sist eg snakka med han sa eg at det hadde vore bra om han orka å stå fram i avisa. Då fortalde han at han skulle snakke med ein journalist dagen etter.

Min første jobb på Hareid var norsk for framandspråklege. På kveldskursa var det flest tamilar. Dette er over ca 20 år sidan. No har eg gleda av å undervise borna til fleire av dei. I tillegg har eg ein del einslege gutar både i Mat og Helse og norsk.

Les om Raskumar i nettutgåva til Vikebladet.

3 kommentarer:

Besta sa...

Det er så vondt å tenkje på koprleis tamilane i Norge må føle det, no når det skjer så mykje trist i heimlandet.Då eg såg på demonstrasjonen i Oslo, speida eg etter Nirosha Srikumar, som eg hadde som elev i småskulen.Ho var ei skjønn og intelligent jente og hadde veldig sympatiske foreldre. Dei flytta til Oslo.

Anlen sa...

Det er mange av tamilane "våre" som har det vondt no, ja. Særleg ille er det for desse som har kome hit åleine, og som ventar på opplysningar om sine kjære.

Raskumar er ein kjekk gut, eg kjenner han også:)

solveig sa...

Vi får håpe det går bra med søskena hans. Eg har forstått det slik at dei medisinske forholda er dårlege.