fredag 17. april 2009

Krim: Meiningsmålinga er avslutta


I mi vesle meiningsmåling "Årets påskekrim", har Retterstedet fått flest stemmer. Mellom dei var mi stemme. No veit eg at dei som hadde begynt å sjå NRK sin serie "Englebarn", og berre har ein TV, gjekk glipp av Val McDermid sin krim.
---
Men vi har meir kvalitetskrim i vente. I kveld kjem ny episode i serien "Trial and Retribution"/Hva skjedde med..... Det er ein av mine favorittseriar.
---
I går starta ein islansk serie i fire delar. Det er så sjeldan vare at til og med Øystein sette seg ned framfor skjermen. Eg har ikkje gjort meg opp noko meining om den enno.

5 kommentarer:

Besta sa...

Eg er ikkje så veldig oppteken av krim, men den islandske likte eg. Kanskje fordi den var lettfatteleg og grei å henge med på? Og fordi vi fekk sjå eit anna miljø enn det som er vanleg,Islandsk natur etc. Men det var IKKJE den islandske krimen som eg er så begeistra for.

Besta sa...

PS:Eg må som regel sjå krim åleine, men på den islandske hadde eg selskap.

solveig sa...

Ja, han har vel vore der. Det er artig å sjå landskap og hus. Elles er språket artig, ein plukkar opp litt ord og uttrykk t.d. ordet for kvifor.
Det er eigentleg bra at det ikkje er den krimmen som finst på lydbok. No spørs det om biblioteket har fått inn mykje nytt i morgon!

Besta sa...

Eg held på med LIza Marklund si bok på MP3.Den er grei å ha med seg ut , og kan også puttast i forklelommen med "Værldens bæsta mormor"på.Litt paradoksalt, kanskje? Mormor med mord i lomma, liksom.

solveig sa...

Eg "gløymer" ofte å gå med forkle, men det er ikkje dumt å ha MP3-en i den lomma.....
Forkleet ditt var kjøpt i Ystad meiner eg, i ei gågate der. Ikkje mindre kriminelt av den grunn.