torsdag 16. april 2009

Avspark: 6-0

- Kjøme du og ser på kampen vår i dag?
- Ho he sagt at ho skal ha på seg termodressen og kome!
Det er no rørande at gutane på G16 vi ha læraren til å kome på fotballkampane deira. Dei veit sjølvsagt at eg også er mor på laget.

I dag har det vore sol og iskald nordavind , reine 17-mai-stemninga. Ei mor kom med is og lett jakke. Ho angra seg. Eg heldt varmen og fekk sjå guten ovanfor score to av måla. Så no har vi noko å snakke om i morgon.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Kjekt for mange at fotballsesongen er i gang igjen. Mykje koseleg lesnad på bloggen din. Laurdag skal truleg Magnus(1995) spele mot Hødd borte. God helg!
Eidabesta

solveig sa...

Her er det Hadarstafett i eittida. Audun trur eg skal spele for Hødd, men det er junior.