torsdag 2. april 2009

Bok 18: Forteljinga om mor og far

I denne romanen gjer forfattaren det same som fleire før han, og kanskje helst etter han, han prøver å skrive historia om foreldra sine. Noko veit han, men det meste må han dikte.

Språket er godt. Det er herleg å lese god nynorsk. Verre er det med teiknsetjinga. Dei som har lese "Andvake" veit kva eg snakkar om. Kvifor komma? For å følgje ei tankerekke får eg høyre. Ja, vel. Sjølv vert eg dratt fram i forteljinga. Verknaden av punktum er at ein stoppar opp litt og tenkjer. Med denne overdrivne bruken av komma, les eg for fort. Boka vert lett "ufordøyd".

Elles vil eg kalle dett ein grei kjærleiksroman. Som anmeldaren i VG sit eg att med ei kjensle at eg har høyrt mykje av dette før. Sjølve historia er ikkje verken dramatisk eller spesiell. Oppgjer med bygda og bedehuskulturen har eg lese om før, også om mangelen på pengar. Kvifor vel han å skrive om sine eigne foreldre? Han ville hatt større friheit ved å "dikte fritt."

1 kommentar:

Besta sa...

Det er vel vanskelig å finne noko heilt nytt å skrive om-det meste er fortalt før. Så det gjeld å finne nye måtar og nye vinklar-ikkje lett det heller....Denne boka har eg ikkje lese og kjem vel ikkje til å gjere det heller.