torsdag 16. april 2009

Lilla Nårje?

I dag låg denne brosjyren som innsmett i Dagbladet. Her kan vi lese at på campingplassen der vi har bestilt hytte til sommaren, er det 30% nordmenn. Det skal visst freiste fleire til å kome.

Er ein heldige med veret, er det ein fantastisk plass med store uteområde og badebasseng for alle aldrar. Er der overskya, er det endå flottare badeland inne. Vi gler oss!


5 kommentarer:

Besta sa...

Ja, når heile storfamilien Trovåg-Bjørnaset-Orten med smått og stort møter opp, stig nok norskeprosenten til store høgder? Utan at eg vil seie at det er eit pluss(i prinsippet).Eg synest ikkje det er så spennande å møte naboen på Gran Canaria heller.Ørebro ser fint ut, men eg er av dei som vil på NYE plassar. Kvifor ikkje Gotland, Øland eller Halmstad? Mange fine plassar i Sverige.

solveig sa...

Vi får studere brosjyren. Men ungane har veldig lyst på Nordens beste badeland.

arieldog sa...

Badeland og minigolf, leikeplassar, hundeluftegard - "hva mer kan vel hjertet begjære"? Innandørs badeland og utandørs basseng gir mulegheiter uansett ver. Parken i Ørebro og utandørsmuseet er òg kjekt. Innandørs leikeland og kjøpesenter gir ein plan C - viss det styrtregnar. Det er ikkje så rart at campingfolk trivst, og at ryktet breier seg. Vi gler oss!

Besta sa...

Det er klart at det er eit eldorado for ungar-og når ungane har det kjekt, har foreldra det bra.Kanskje vi skal stikke innom?

solveig sa...

Det har vi snakka om kvart år!