onsdag 8. april 2009

Karamellpudding - steg for steg

I vår storfamilie er vi veldig glade i karamellpudding. Eg begynte å lage det for 15 år sidan, og lykkast frå første forsøk. Det er enkelt, og ein treng berre fire ingrediensar. Eg begynte med å følgje ei oppskrift med 6 dl mjølk. No har eg utarbeidd mi eiga med 1 liter mjølk i ei 2-litersform.
Set forma på ei så varm plate som muleg. Når forma er blitt varm, har du i 1 1/2 dl sukker. Lat det bli brunt. Ta det til side og kjøl litt ned før du har karamell opp etter kantane.

Visp lett saman 8 egg, 3 ms (1/2 dl) sukker og 1 1/2 ts vaniljesukker. Spe med 1 liter H-mjølk.

Sil blandinga i forma.

Set formene inn i omnen i vassbad. Det er lurt å ha i litt vatn først og så etterfylle. Det er greit å ha god tid. Då kan du sette puddingane i kald omn. Det ein vil unngå, er luftbobler i puddingen. Ved låg temperatur og lang steiking, kan det ikkje gå gale. I min omn tek det 4-5 timar med litt over 100 grader.
Du ser at puddingen er ferdig når det kjem små sprekker på toppen. Stikk gjerne ein kniv forsiktig ned i ei sprekke og sjekk at det ikkje tyt ut mjølk.
---
No er det berre å kjøle ned puddingen. I morgon skal vi kvelve han på eit fat.

3 kommentarer:

arieldog sa...

Vi gler oss!

Besta sa...

Eg har laga karamellpudding to gonger. Første gongen vart han perfekt-andre gongen ikkje, og då var det gjort.Seinare har vi hatt Solveig sine puddingar-og vi andre har kunna slappe av.I gamle dagar laga eg av Gaute karamellpuddingpulver. Det var også godt. Det var då Rasmus kom med utsegna som seinare vart til eit "familieordtak":"Det er verre med litt karamellpudding enn ingen karamellpudding." Så sant som det er sagt.

Hildegard sa...

Takk for at du ville dele oppskrifta med oss. Fleire anledningar no framover, så dette må prøvast.
Eidabesta