torsdag 9. april 2009

Skjærtorsdag

I dag har vi feira geburtsdagsbarna i mars/april.

Vi fekk nydeleg hjortegryte, men den vart ikkje fotografert. Dette er berre nokre av kakene. No har vi kome trygt heim att og lurer på om vi kjem til å bli svoltne att.



Kransekake og smellbonbonar er ein sikker suksess.


Først er det på med hatten, og så er det opplesing. Der låg to lappar i kvar smellbonbon, ein med vits og ordtak og ein med gåte/spørsmål. For den yngre garde var det ikkje alltid like lett å skilje dei frå kvarandre.
Nokre vil ha hjelp til smelling.....

...andre til opplesing.

Yngstemann har funne fram påskeegget til barne-TV.

4 kommentarer:

Besta sa...

Ikkje ofte eg "angrar" på at eg et for lite, men i dag kunne eg faktisk ha tenkt meg litt meir kake enn det eg greidde å presse ned. Veldig fint og fristande kakebord. Og middagen var nydelig.Vi takkar og prisar vertskapet for ein hyggelig dag.

arieldog sa...

Takk for triveleg besøk! No har vi besøk av tre kjekke gutar som skal overnatte, og eg reknar med at det meste av maten forsvinn. Best eg sikrar meg litt før dei angrip. Er det det dei kallar sikringskost, kanskje?

Elin sa...

Dette såg rett så triveleg ut. Vi hadde besøk i dag og, det var meir av det impulsive slaget, Hilde, Henning, Bodil og Kristine. Og etterpå har vi vore i gjebus til niesa mi her på garden. Så kaloriane har vi fått inn i dag og. Vi var flinkare med den type selskap då besteforeldra var spreke og jentene yngre.

Hildegard sa...

Dette såg koseleg ut.
Fortsatt god påske til deg og dine.
Eidabesta