tysdag 14. april 2009

Frå late dagar til travle tider


Det er merkeleg kor ein kan fylle fridagar med litt husarbeid, litt hagestell, litt baking og litt turgåing. Når ein startar på jobb må dette arbeidet gjerast på ei kort ettermiddagsykt.
---
Som lærar kan ein velje om ein vil lette litt kvardagane på fridagane. Ein kan legge att prøver og stilbunkar på pulten eller putte dei i sekken. Sjølv arbeider eg etter prinsippet om at stress det er alt ein ikkje har gjort. I Mat og helse må ein ha alt praktisk på plass. Sjølv om ein brukar tid på det, er det veldig greitt arbeid. I norsk rettar eg unna ein del, men sparer litt til såkalla fritimar.
---
Med våren kjem også alle fritidsaktivitetane. Øystein har ca tre økter med guttefotball i veka. Eg likar å sjå ungane spele, men innser at eg ikkje greier å få med alle kampar. I tillegg dukkar det opp vaskedugnader, tidtakingsjobbar m.m. Då eg starta bloggen, var det med tanke på å dokumentere aktivitetsnivået i familien. For all del, alt er kjekt, men det kan bli mykje innimellom.
---
p.s
I dagens Jernia-katalog kom eg over eit ord eg måtte lese to gongar.

2 kommentarer:

arieldog sa...

Einig med deg i at beste kuren for stress er å kome i gang. Det verste nokon kan seie til meg, er "slapp av" eller "slutt å stresse". Viss ein skal hjelpe nokon som er stressa, må ein seie noko som: "ikkje tenk meir på det - eg skal ordne det". Eller enda betre: "det har eg ordna".

Besta sa...

Kvifor ikkje skrive duk-klemme. Tenk på folk med lesevanskar.
Stress har eg ikkje lenger, og det er godt.Men...ein blir jo ikkje yngre akkurat.