fredag 17. april 2009

Livstidsgaranti

Nokre observange lesarar hugsar kanskje at eg kjøpte nytt headset til både Øystein og meg sjølv for eit par månader sidan. Sjå kva som skjedde med mitt! To månader er kort haldbarheit på eit produkt med livstidsgaranti! Det må då tole at ein går med MP3-en i lomma.

Som vanleg har eg førebudd meg godt på kva eg skal seie i butikken når eg skal konfrontere dei med livstidsgarantien.



Og som vanleg slepp eg å seie noko. Dei leitar fram eit nytt produkt. Vil du ha raudt eller blått? Det du vil bli kvitt, svarar eg.

I mellomtida prøver eg meg med eit spørsmål om det går an å få legge mellom og kjøpe eit med betre patent. Proppene til venstre er i same merke, men har ein heilt annan overgang. Nei, dei har kun lov til å gje meg akkurat same sort. Så viss det nye vert øydelagt på same måte, så må eg klage ein gong til? Jada. Det var berre akkurat mitt headset det var noko gale med, ikkje patenten.


Eg kjem til å ta dei på ordet!

Desse proppene som skal tilpasse seg til øyret og som også skal vere så fantastiske, anbefaler eg ikkje. Dei er rett og slett travle. Lyden kjem for langt inn i hovudet, og dei dett lett ut, i alle fall frå mine øyre. Så når eg først var der kjøpte eg meg "liggepropper" til 49 kr, utan garanti.





ps.
Skikkeleg dårleg lyd i dei billege. Dei vert nok berre brukte i yttarste naud.

2 kommentarer:

Anlen sa...

Det er nokre produsentar som har stor tru på produkta sine, ja... Men det er jo greitt nok å gå tilbake og hente nytt av og til;)

solveig sa...

Dei skal få det slik som dei vil ha det, men eg torer ikkje anna enn å vere meir forsiktig med dei nye.