torsdag 23. april 2009

Let vi oss lure?


Ein kan vere skeptisk til om kva dommarane visste om denne dama på førehand. Sjølv har eg mistenkt produserane for å spele dei eit puss.
---
Uansett er det god underhaldning når folk som har vore mobba og hatt det vondt, kan bli verdstjerner. Denne dama skal ha ein liten hjerneskade, og naboungane har ikkje vore snille mot henne.
---
No vil dei nekte henne å nappe bryn og kle seg fint. Sjølv har ho store planar om å slanke seg og bli flott. Tida får vise. Det kjem vel an på kva dei meiner vil slå an. Ikkje noko er tilfeldig i denne bransjen.

3 kommentarer:

Besta sa...

Eg las om henne på nett-avisa i dag. Der meinte dei at produsentane av programmet hadde planlagt heile debuten hennar.For dei hadde høyrt henne synge før ho slapp til. Publikum vart vel meir overraska, for dei sper på med håplause tilfelle innimellom, det har eg sett sjølv i slike program.

Elin sa...

Heilt sikkert fake, det var min første tanke! Du kunne sjå det på dei back stage også.
Men det var vel bra underhaldning, sjølv om eg ikkje likar at folk blir uthengde og trakasserte i slike program. Likar godt Mia G. som dommar, ho vil så vel...men dei to andre kan du ha for meg!

solveig sa...

Vi hadde ei håplaus som skulle spele Märta i år. Publikum vert nok "lurte". Eg reagerer på at mannfolka sit og himlar med augene over dama. Det er så nedlatande. Kurt Nilsen vann vel på at Simon (?) kalte han hobbit!