tysdag 7. april 2009

Medan andre vaskar og pyntar til påske, rotar vi på. Øystein har malt gangane våre kvite igjen. Ein må nesten det for å få dei reine. Sjølv rotar eg på ute. Beda begynner å sjå fine ut, i alle fall dei fleste.

Når ein snakkar om tidstjuvar, så er vel handling og shopping den verste. I går hadde eg med meg Olaug på kjøpesenter i Ulsteinvik på sein ettermiddagstid. Eg presterte å kjøpe eit plagg til meg i feil størrelse. Lappane må ha hengt så nær at eg har tatt feil plagg. Det er litt vanskeleg for meg sjølv å forstå korleis det går an. Så i dag var det bytterunde. Den tok eg samtidig som eg køyrde konfirmanten på Høddtrening. I staden for å køyre fram og tilbake, fordreiv eg tida i butikkane i dag igjen. Litt kjøper eg, men eg likar også å kike på kva som finst. Litt folkeliv får ein og med seg.

Høyrt utanfor GullFunn på Amfi som var stengt i dag. (Konkurs?) Ei ung dame med barnevogn seier til ei eldre dame, truleg mora; "Ja, viss den stenger, då brenner eg av!" Dette repeterte ho. Hadde det vore eg, så ville sagt at det hjelper nok.

Etter anbefalingar frå Anlen, kjøpte eg dette spelet. Kanskje vi skal ta det med på slektstreff?

Husvask?
Eg fekk ein SMS frå Sogndal: Treng du hjelp med vask til helga?
Hm, då er det berre å kome seg inn på nettbanken.

2 kommentarer:

arieldog sa...

Ta gjerne med spelet! Fare for innahyses feiring! Og rote på gjer ein vel medan ein vaskar og ryddar òg. Eg har i alle fall for vane å starte eitt eller anna side-prosjekt, som å rydde klesskap eller liknande. Uansett er det nesten godt å setje seg til med rettingsarbeid når ein har vore i fysisk aktivitet heile dagen. 10000 skritt innandørs, eg berre nemner det...

solveig sa...

Eg tenker litt langsiktig no fram mot konfirmasjon. Kjøleskåpvask gjeld vel som sideprosjekt? Elles satsar eg på blakke karar slik at eg får hjelp til tak og vegger også....