søndag 12. april 2009

Gratulerer Anne Marie!

I dag vil vi gratulere tante Anne Marie med 74-års-dagen!
Vi gler oss til å treffast om knapt 4 veker!
Både mamma og Margrete har skrive om dagens jubilantar, så eg måtte grave djupare i fotoalbumane. Tante Anne Marie vert fødd på mora sin fødselsdag. Det er i dag 100 år sidan farmor vart fødd. På biletet over er det første oldebarnet hennar fødd.
Her står vi framfor huset i Rørdalen der farmor vaks opp som yngst i ein søskenflokk på ni. Eg hugsar vi besøkte Ingeborg ein gong. Elles så hugsar eg dei ugifte brørne som dukka opp i 70-årsdagen. Det var eigentleg dei bilda eg var på jakt etter.

P.s.
Det hadde vore kjekt om nokon i farsslekta hadde hatt blogg og oppdatert oss med nye bilde!

1 kommentar:

Besta sa...

Det var koselig å sjå att dei gamle bilda. Eg har ikkje nokon av dei.Men hugsar t.d. godt dei blå genserane med fletter, som eg strikka då vi budde på Melle, og den blå dressen til Margrete. Hadde ikkje så mange klesplagg å halde greie på den gongen.Noko som også er rart for meg å sjå, er kor unge alle var den gongen! Men så var Anne Marie ei SVÆRT ung bestemor også.