søndag 1. november 2009

Røyr og krede

Så lærte vi noko nytt i dag og.  Eg trur eg har ete røyr berre ein gong før, viss det  ikkje var krede.  Då hadde nokre karar forhandla seg fram til å ta med sjølvfiska fisk for å spe på det tilmålte budsjettet sitt.  Ein av dei som skulle ete maten, vart sjuk, og eg melde meg som gjest.

Vi kan lese om røyr, eller røye på bokmål, her.
Vi kan lese om krede eller aure (ørret på bokmåi)her.


5 kommentarer:

Olaug sa...

Aure ikkje ørret! ...

solveig sa...

Det er sant, men på wikipedia heiter det ørret....

Olaug sa...

Dårleg unnskyldning -.-

solveig sa...

Eg gir eg! No har eg retta det...

Besta sa...

Før fekk vi kjøpt røyr (røye) på fiskebutikken her. Den var fiska i Vatnevatnet, og det hende vi kjøpte, så det har du no ete heime.Eg har alltid sagt ørret og det har eg tenkt å halde fram med. Det er det LOKALE namnet der eg kjem frå!Godt er det uansett.Då eg budde på Øygarden fiska vi ørret i tjønna rett nedanfor huset. Tips til Einar?