måndag 23. november 2009

Nei og ja

Eg har lete meg lure eller lokke til å seie ja - igjen.  Først fekk eg spørsmål om eg kunne tenke meg å få tilsendt utstyr og registrere alle mine innkjøp.  Den beit eg ikkje på.  For eit styr!  Når ein først har fått varer i hus, er det nok jobb å rydde dei på plass om ein ikkje skal til å lese strekkodar.
Så ringer dei: - Kvifor?
- Nei, det eraltfor tidkrevjande, svarte eg.
Så var det om eg kunne vere med på ei mindre omfattande undersøking, nemleg å registrere all adressert reklame.  Sidan eg hadde vore så negativ til den første, svarte eg sjølvsagt ja til ei enklare undersøking.  Er dette eit psykologisk åtak?  Eg sit att med ei kjensle av at dei visste korleis dei skulle få meg med på denne siste.

1 kommentar:

Besta sa...

Eg har lova meg sjølv at eg ALDRI MEIR skal seie ja til slike undersøkingar. Det skal ta berre ei lita stund og så får ein i hende eit kjempe-"kompendium" som det tek timesvis å fylle ut. Og så får ein ikkje eingong takk for hjelpa.Lurer på om ikkje mange gjer som eg, særlig på slutten, kryssar midt på?