onsdag 18. november 2009

Besteforeldrefest


I dag har vi hatt den årlege besteforeldrefesten på skulen.  Vi har dekka 20 bord og smurt rundstykke.  Borddekorasjonane laga vi i går.  Vi serverte også lefser som vi bakte førre veke.  Elevane hadde laga mykje godt program.  Eg kan ikkje legge ut bilde av folk, men eg kan vise fram dei dekka borda.  Legg også merke til dei nye stolane våre i ulike gilde fargar.

4 kommentarer:

arieldog sa...

Rundstykke med pålegg er SÅ mykje betre enn kaker! Stilige stolar, forresten.

Besta sa...

Dei stolane gjorde jammen susen. Fargerikt og fint.I fjor fekk vi vere på festen, men no har vi ikkje mange gonger att.

Milena sa...

Kjempe fine stolar med forskjellige fargar!
Fint dekka bord,kan ikkje huske vi fikk det så fint til "festane"på ungdomsskulen.

Anlen sa...

Flinke folk:) Det er heldigvis nokre år til eg kan rekne med å bli invitert....