fredag 4. september 2009

Men Espelidbollane mine får du ikkje!

Då eg pakka til studenten, kvitta eg med nokre skåler og bollar. Men ikkje desse! Den tida Ingrid Espelid regjerte på fjernsynskjøkenet, var desse bollane populære. Sjølv bruker eg ein annan variant når eg foreviser. Det er greit med gjennomsiktige arbeidsbollar når elevane skal sjå.
Det kan no vere kjekt å sjå ein gjærdeig og! Eg brukar å ha ein tellerken over som lok og arbeidstallerken.

Yngstemann i familien lurte på om eg ikkje kunne begynne å bake runde brød att. Desse bakte eg etter inspirasjon frå eit nydeleg brød eg smakte på Kongsberg. Det var ikkje søtt, men inneheldt valnøtter, rosiner og tørka aprikosar.





2 kommentarer:

Besta sa...

Det brødet såg kjempegodt ut. Men eg held meg til Ingers.

arieldog sa...

Du inspirerer!