onsdag 11. mars 2009

Lettvinte løysingar

Med mykje undervisning, førebuing og møte på kveldstid, er det freistande å ty til lettvinte løysingar. I dag var gjengen godt nøgde med å få lapskaus til middag. Han var laga av brun saus(heimelaga i dag, men pose er greitt), lapskausblanding og pølser.

Brødbakinga vert og enkel med slike posar og brødbakemaskin. Coopkjeden sel dei for ca 10 kr posen til medlemmer.

Det einaste eg har å utsette på desse posane, er grovprosenten. Berre den eine posen kan kallast grovbrød, nemleg matpakkebrødet med 53% grovt mjøl. Kornbrødet med 37% grovt mjøl kan samanliknast med kneippbrød med korn. Havrebrødet er 37,3% grovt, og solsikkebrødet 39,5.

Først vil eg prøve posane slik dei er, og så kan det hende eg kjem til å ha litt meir grovt i, t.d Fiberbakst. Eg held på at det daglege brød i ein barnefamilie bør vere 75% grovt. Eg veit at mange av blogglesarane også lever på 100% grove brød!

5 kommentarer:

arieldog sa...

Brødmaskina vår er ikkje så glad i altfor mykje grovmjøl, så vi bruker kornbrød-blandinga slik den er. Har du nokre tips til korleis ein skal få maskina til å bli litt sunnare, kanskje? Meir olje?

solveig sa...

Ny maskin? Du har sikkert same modell som mi første. Dei har kome seg. Eg opplevde det same.
Mitt triks for lette brød er eit egg. Viss du hugsar valnøttbrøda, så vart det stor forskjell med olje og egg. Det vart høgre, men vog også meir, sjølv med same mjølmengd. Feitt og protein i forhold til vatn som sikkert fordampar på eit vis.
ja, ja det er bette å hamstre mjøl. No har eg eit flott matpakkebrød til kvelds. Ønsket til frukost er haavrebrød. Der vert att litt i kbvar pakke. Kva skal vi kalle restebrødet?

Besta sa...

Eg brukar å kjøpe slike posar av og til, og så tilset eg meir grovt eller fint alt etter kva eg vil ha.Elles er brødet EG et 100% grovt.

Besta sa...

I dag kjøpte eg m.a. speltmjøl på tilbod. Det er dyrt vanlegvis. Smakte speltbrød hos ei veninne ein gong, og det var kjempegodt.Skulle vel ha kaldheva det over natta, men eg har aldri anna enn tørrgjær i hus.

solveig sa...

Eg har ikkje prøvd speltbrøda enno. Det er karane som har handla hittil i veka. No skal eg ta meg ei runde sjølv!
p.s.
Det er dumt ein ikkje kan rette på rettskrivinga på kommentarane. I går må eg ha klikka bra skeivt.