tysdag 3. mars 2009

Aloe vera

På skulekjøkenet har vi nokre robuste plantar. Denne brekk vi greiner av viss nokon brenner seg. I går oppdaga eg at vi kanskje får blomster i år! Den er vel passeleg forsømd og mishandla. Eg tok heim ein avleggar, men den rotna av for mykje vatn.

2 kommentarer:

Besta sa...

Desse plantane er fine å ha "for hånden" når ein brenner seg.Men det hender eg bryt av eit blad og brukar safta til handkrem også.Hendene blir mjuke som silke. Trur at min variant er meir hurtigvaksande enn den du har.Eg har to store!Såå viss du vil sikre deg....

solveig sa...

Eg tek gjerne i mot ein til! :-)
I dag var det ein gut som brende seg på steikespaden til ein annan. Eg beordra kaldt vatn og kald klut på. Nei, han kjene ingenting. "Ikkje no , nei" seier eg. Dokke andre høyrer kva eg seier så han ikkje kan saksøke meg om han får brannsår!?" Det vart no litt verre enn han hadde tenkt, og han fekk legge på litt aloe vera.