torsdag 26. mars 2009

Frå fem til tre?

Viss eg tel rett, så er det talet på glassmagasinliknande butikkar i Ulsteinvik. Der er no kanskje tre interiørbutikkar i tillegg. Fryd er konkurs, og Christiania Glassmagasin legg ned avdelinga si i Vik. Sistnemnde kjem eg til å sakne.

Det er trist at butikkar forsvinn, og at folk mistar jobbane sine, men samtidig må det ringe ei bjelle når dei bygger to nye kjøpesenter og fyller dei med nye butikkar. Viss dei hadde stoppa i tide, så kunne kanskje nokre ha gått bra.

I går var det -50 og 70% på dei to butikkane som skal vekk. Eg fall for freistinga og kjøpte meg nye kakeformer. Dei gamle grå leiar varme mykje dårlegare enn desse. Kanskje eg skulle ta meg på tak og fylle dei gamle med iskaker?

Dette kjøpet, ikkje på tilbod rett nok, møtte stor skepsis i heimen. Det er ei fillerye som kan vaskast i vaskemaskin, hadde eg tenkt. Ja, ja om dei får rett i at det er svært upraktisk, så skal eg legge det på vaskerommet.

2 kommentarer:

Besta sa...

Eg såg kva veg det gikk då vi fekk ei rekkje nye butikkar både her og i Ulsteinvik. Det er faktisk ei grense for kor mykje dill-dall folk kan kjøpe, finanskrise eller ikkje.Her er det mange butikkar som er "ute" allereide, men nye kjem til.

solveig sa...

Eg trur det er kalkulert med slike nedleggingar. Tannlegen i Ørsta sa at dei rekna med at 20% av butikkane skulle vere vekke innan 2 år. At Fryd forsvann, forundra med ikkje. Dei hadde dårleg smak.