onsdag 18. mars 2009

Bok 15: Fransk feminist


Eg hadde store forventningar til denne boka som er både bestseljar og "Årets bok i 2006.
---
Hovudpersonen, ei dame på 90, ser med skrått blikk på livet. Det er ein del artige scener når ho t.d. kjøper seg data eller ufrivilleg kjøper seg komfyr med induksjon. Dei yngre medlemmane i slekta, eller generasjonane generelt, får passa sine påskrivne.
---
Men eg veit ikkje kva det er med meg og franske bøker. Etter mi meining tok ikkje boka heilt av. Innimellom vert det litt mykje "gretten gammal dame". Tema som fri abort og dødshjelp vert sett berre frå den eine sida og ikkje problematisert. Eg er usikker på om eg skal tilrå boka for "eldre" lesarar. Eg trur dette er ei anten/eller bok. Anten vil du finne den genial, eller så vil den ikkje fenge.
---
Les gjerne meir her eller her.

3 kommentarer:

Besta sa...

Eg las denne boka nærmast i halvsøvne-som så mange andre.Syntest det var litt artig med den gamle dama og hennar betraktningar,kjende meg att i mykje. Men alt i alt fenga ikkje boka meg så mykje.Det kan hende at franske bøker er for "fjerne" for vår tenkjemåte?

Besta sa...

No gikk eg tilbake til boklista mi og såg kva eg hadde skrive då boka var fersk for meg. Det kan du også gjere.Eg gløymer fort, derfor er det lurt for meg å legge bøkene ut på bloggen.

solveig sa...

Greit med etikettar. Det vert ikkje så mykje å "bla" i.