søndag 8. mars 2009

Neste år vert det nei

I eit svakt øyeblikk sa eg ja til å ta fylle ut ei meiningsmåling på papir. Dama som ringte lokka med at ein kunnne vinne fjernsyn. I fjor svor eg på at eg skulle seie nei neste år.

Det er ikkje få timar eg har brukt på denne blekka! Eg trur eg kryssa av tre gongar at eg likar å lage mat. Det er vel det som kallast kryssjekking?

I tillegg takka eg ja til eit par tanntrådpakkar. Der skjer heldigvis kryssinga på data, og premien er sikra.

1 kommentar:

Besta sa...

Både far din og eg har vore så "dumme" at vi har teke på oss liknande oppgåver, og site time etter time og kryssa av på ein skala frå ein til ti.Må innrømme at det vart mange kryss midt på treet.Viss det er slik dei lagar meiningsmålingane jamt over, er dei ikkje særleg pålitelige, spør du meg. Og ikkje så godt som ei lita takk, berre sjansen til ein ev.premie......Aldri meir!