søndag 15. mars 2009

Sesongstart

Ja, no trur de at eg har tenkt å skrive om fotball. For det er i dag fotballsesongen startar. Men det er ikkje berre fotballen som tek laus no!

I ettermiddag sette Øystein seg ned og førte alle aktivitetar inn på aktivitetskalenderen vi kjøpte i Roma. Det er konfirmant og minikonfimant. Det er korpskonserthelg og natteravn. I tillegg finn folk på å feire både 50-årsdagar og andre dagar. Kaker skal bakast og leverast. Kva er ei rundekake forresten? Eg skal levere ostekake/rundekake og blautkake til korpskonserten.

Ostekake har eg aldri laga. Men det bør eg vel ikkje seie høgt? Grunnen til det er at eg har vore bortskjemt med at systra mi/svogeren min lagar verdas beste ostekake.

No lurer eg på om ei kvæfjordkake kan passere som rundekake, sjølv om ho ikkje er rund? Anlen veit det sikkert!
No er altså kalenderen omtrent full, og det før vi har ført på fotballkampar.

Eit anna triks i ein organisert kvardag, er å ha ein sekk/eit nett til kvar aktivitet og ei knaggrekke til å henge dei på. I korpssekken ligg notar. I jazzballettsekken ligg jazzbukse og jazzsko. Så er det berre å trive fotballsekken når ein skal på fotballtrening. Ein slepp den evinnelege: Kvar er fotballskorne, leggskinna og fotballstrømpene? Betre kjendt som: Hvor er buksa mi?

8 kommentarer:

Anlen sa...

Heisann! Eg er så heldig at eg skulle levere skuffekake (sjokoladekake) og bløtkake. Og begge deler er heilt ok!

Eg trur nok at kvæfjordkake kan passere i kategorien rund kake, poenget er vel mest at det skal vere noko anna enn bløtkake og ostekake, og likevel ei "skikkeleg" kake? Det kunne nok vere gulrotkake etc også? Forresten er ostekake så lett at du berre må prøve:) I alle fall den versjonen eg brukar, som ikkje skal steikast...

Anlen sa...

Må berre seie ein ting til, som eg oppdaga etter at du fekk på plass etikettar! På ein tidlegare innlegg kommenterte du at tre av åtte jenter var allergiske mot kiwi. Prinsessa vår har blitt allergisk mot litt forskjellig, og då vi var hos lege for å ta ein test, kom eg på at ho har klødd i halsen etter å ha ete kiwi. Vollsæter berre fnyste, og forkynte at kiwi burde ein ikkje ete, for det er så veldig mange som reagerer på det. Han gadd ikkje å krysse det av på skjemaet for testing... Vi går berre ut frå at det ikkje bør etast av prinsessa!

arieldog sa...

Turboliv? Her har vi begynt å lage smørbrød når det er "mat på fat".I periodar blir det mykje å gjere og altfor mykje kake. Ein må ha nokre enkle, raske og safe løysingar, og ostekaka er fin med at ho held seg godt og er rask å lage (rekorden til Gubben er på 13 minutt). Det neste du må lære deg på bloggen, forresten, er å stille klokka!

solveig sa...

Eg skal nok lage ei ostekake ein gong, men vil ha forsøkskaka sjølv... Eg veit at det er enkelt, men det er endå enklare å få.

Når det gjeld allergiar, får eg svar frå alle på eit kull kvart år, ca ein av 10-12 er allergisk mot matvarer etter min statistikk. Mest vanleg er allergi mot ei aller anna frukt, og dei seier dei klør litt eller får utslett. År om anna får vi elevar som det kan bli farleg om dei får i seg det dei er allergiske mot. I år er det ein på skulen som er superallergisk mot kiwi t.d.
Det kan høyrest flåsete ut å seie at allergi kan smitte, men tre av åtte må i tilfelle vere ei opphoping.
Uansett er det viktig å lære dei opp til sjølve å ta ansvar. Andre gløymer lett. Det veit eg og av erfaring.

Besta sa...

Apropos stille klokka, så har eg prøvd det, og trudde alt var OK, likevel kjem det heilt feil tidspunkt på innlegga mine. Tips!? Please.
Kvifor ikkje lage runde gulrotkaker? Det er noko av det mest populære på kaféane her. Mange oppskrifter på nettet.

solveig sa...

Kanskje eg skal lage Besta si gulrotkake. Den er kjempeenkel og kjempegod. Glasuren kan eg halvere, men kanskje ikkje kaka? 28 cm t.d Då er det berre å rekne flatemål!

solveig sa...

Eg forstod ikkje kva klokke Ariel sikta til før no. Ja, ja, utfordringar i kø. Den på framsida er i alle fall rett.

Besta sa...

Den gulrotkaka eg lagar heiter Tante Borghilds beste gulrotkake, eg fann den på nettet.(Fekk den servert på Eid). Men den er ghanske laus i fisken og høver kanskje best som skuffekake. Har ete fastare , runde kaker på kafé.Der er mange oppskrifter å velje mellom.