fredag 27. mars 2009

Ut av skuffa

Eg har fått spørsmål om eg kan vise fleire Ekelund-tekstilar på bloggen, og det gjer eg gjerne. Dette er gode produkt som eg gjerne reklamerer for.

Handduken over treng eg ikkje å gå i skuffa etter, for den er i bruk kvar dag til å legge over nybakte brød.
Handduken med fyrlyktene har eg fått av mamma. Motivet er maritimt, og han er mest framme om sommaren.

I Sverige overgår midtsommarfeiringa sjølve nasjonaldagen. Mamma har kjøpt denne i Sverige, så tid og stad hugsar nok ho betre.

Dette er ein souvenir eg kjøpte i Stockholm.

Denne har Margrete kjøpt i Volda. Det ser ut til at ein kan få laga på bestilling. Det finst mange vakre motiv.
---
Til slutt må eg berre innrømme at eg har fleire handdukar enn dette, men påskehanddukane er t.d på loftet i påskekassa. Men den skal no snart ned.




4 kommentarer:

Besta sa...

Vi har ofte vore i Karlstad i ferien. Der har dei ein butikk med godt utval av Ekelund produkt. Det er der eg har kjøpt handdukane til Solveig.Det må vere ganske mange år sidan, for i seinare tid har eg ikkje vore i denne byen.

Elin sa...

Jøje meg, dette tek heilt av. Og eg som aldri har høyrt om produkta før, det er til å le av...! Du må ta eit riktig fint bilete av løparen og, det blei berre snippen på biletet med blomsten.
Ser forresten at Nettstrikk i Volda har nokon slike produkt.

solveig sa...

Sikkert der Margrete har vore;-)

arieldog sa...

Ja, dei har ofte godt utval. Har ein del eg òg - blir kanskje fotosession her òg!