laurdag 7. mars 2009

Vis meg kjøkenet ditt...

og eg skal seie deg kven du er!
Eg veit ikkje om det er det som er meininga, men eg har i alle fall fått ei utfordring fra Anlen om å vise noko eg er fornøgd med på kjøkenet mitt. Finst det noko eg ikkje har vist fram før?
Kjøkenet vårt var nytt i desember 1992. Då var eg glad for å kunne velje furu framfor kvitt. Eg valde kvite knottar så dei kunne stå i stil med kvitevarene. Ulempa med furu er at det lett vert hakk i den.
Då eg gjekk på heimkunnskap i Bergen, var eg på besøk i eit "rikmannshus". Dei hadde skåp til kjøkenmaskina si. Den vart mitt store ønske då eg skulle få meg nytt kjøken. Det er praktisk å få vekk maskina, og det vert ikkje så tungt.

Denne maskina er i bruk både ein og to gongar om dagen. Det er mi tredje brødbakemaskin.


Ei slik hylle er det nok mange som har. (No ser eg at eit par hankar må snuast på...) Eg har krukker og litt andre ting også i dette mønsteret.

Når det gjeld tekstilar, er eg svært glad i handdukar frå Ekelund/Linneaspinneriet i Sverige. Desse to kjøpte eg i Arboga i sommar, og er kanskje av dei få souvenirane mine eg ikkje har lagt ut på bloggen?

Til slutt vil eg utfordre Ariel og Besta til å vise noko frå sitt kjøken dei er godt nøgde med!


2 kommentarer:

Anlen sa...

Det ser rett fint ut hos deg! Heldige du som har brødbakemaskin:) Kanskje noko eg skulle fått på ei ønskeliste?

solveig sa...

Mi er som sagt i dagleg bruk, men eg veit om at folk også parkerer dei. Det er eit framsteg dersom ein vanlegvis bakar på vanleg måte. Eg trur det er dei som kjøper brød og trur dei skal begynne å bake som gir opp.
Til deiglaging til eit brett bollar eller rundstykke, er maskina også grei. Då lagar ein eit brød etterpå, og så vert det ingen oppvask...