laurdag 14. mars 2009

Bok 14: Forfattar frå heimbygda


Denne boka har fått gode kritikkar, og det fortener ho. Den er sett saman av fleire historier fletta inn i kvarandre. Vi får vite kva dei ulike personane tenkjer i dei same situasjonane. Skifta av synsvinkel gjer boka interessant. Ho skriv og artig med tilvisingar til filmar og forfattarar.
---
Men, og no står eg i fare for å fornærme nokon, eg likte ikkje opplesinga. Ho som les boka gjer det på vossadialekt med skarre-r. Det vert heilt feil! Når bøker vert opplesne på bokmål, vert dei lesne som dei står med ei nøytral østlandsdialekt, ikkje mykje skarre-r der. Kvifor er det ikkje same krav til nynorskopplesing?
---
Dialekt kan fungere i bøker der forfattaren og opplesaren er samstemte. Staalesenen sine bøker er eit godt døme. Så eg vil ikkje avvise det totalt. Dama er flink å lese. Det er ikkje det som er poenget. Eg klarte heldigvis å legge irritasjonen til side og høyre på det ho las.
---
Eg anbefaler boka - papirutgåve!
Les meir her.

2 kommentarer:

Besta sa...

Har ikkje lese meir enn ei plate av boka enno, på grunn av at eg ikkje er fortruleg med MP 3 -spelaren. Eg er generelt irritert på dei som brukar skarre-r offentleg, så eg vurderer å prøve å lese denne boka på papir. Sidan forfattaren er frå Ørsta, venta eg å høyre boka lesen på eit normalisert nynorsk!!!Men kanskje Gunnhild har budd for lenge i Bergen?

solveig sa...

Ein skulle tru at alle skodespelarar kan lese normalisert bokmål og nynorsk!