måndag 4. mai 2009

Maibord

Her sel dei lys og serviettar. Dei har også dekt på bord til ulike høve. Til dette 17-mai-bordet hadde dei brukt tre serviettar til kvar. Det viser at ein kan kome langt med kvit duk og kvitt kaffiservise.

3 kommentarer:

arieldog sa...

Eg ser ikkje på bordet, berre kaka. Trur eg har abstinens - det er så mange som har vore i konfirmasjon i helga, og dei snakkar så mykje om kake. Sjølv skal eg på kafé i morgon.

Besta sa...

Og du snakkar om abstinens? Kva skal vi seie-VI har jo ALDRI kaker.Derfor går i alle fall eg heilt bananas når eg slepp til på kakebord!

solveig sa...

Eg kan trøyste dykk med at akkurat den kaka var i papp, men fint med meny, rose og bord i nasjonalfargar!