onsdag 27. mai 2009

Kvardagsliv

Her går det i eksamenar og fotballkampar.

Måndag var keeperen oppe i hovudmål. I går slo han graset på kyrkjegarden. I dag var han oppe i norsk sidemål.

I går spelte dei to yngste fotballkampar. Resultata har vi gløymt. I dag er dei to eldste i elden. Dei satsar på å rekke heim til kampen startar på TV. Eldstemann var oppe i Mediehistorie i går.

Dei grøne Nike-skorne har konfirmanten kjøpt i bya for eigne pengar.

Elles får eg plage blogglesarane med litt skvåsjnytt. Bilda er frå i går og i dag. Kanskje røtene veks? Veret er kaldt og vått her. Men eg trur det er lurt at plantane får stå ute og herde seg.

2 kommentarer:

Besta sa...

Den eksamenstida misunner eg ingen.Det er spenning og spress og eksamensnerbvar for alle pengane. Slik var det i alle fall for meg i hine hårde dage-og det sit i etter 50 år.Ønsker alle lykke til.

solveig sa...

No har Einar ei innlevering att. Audun kan kome opp i munnleg. Eg repeterer norsk til ev. munnelg med elevane mine.
Eg har fortalt om då eg kom opp i historie i 2. klassa. Då var eg to år eldre enn dei. Eg svetta ut ein ny,kvit bluse. Den vart gul under ermane og kunne aldri brukast meir. Men eg overlevde og fekk same karakter som på standpunkt. Eg misunner ingen å kome opp i munnleg, men ein overlever, og det er lettare å gå opp i karakter der enn i skriftleg.