måndag 11. mai 2009

Måndag 11.mai.

I dag er det kvardag att.

Øystein har trena guttelaget på ettermiddagstid.

Konfirmanten har hatt fri frå skulen for å reise til bya og bruke litt av konfirmasjonspengane. Han kom heim att eit par timar før han reiste over fjorden att på fotballkamp.

Keeperen sit på benken no i Hødd 2-kamp mot Godøy.

Journalisten dekker same kampen. Eg fekk ikkje med meg for kva avis.


Sjølv har eg vore ute og selt 17-maiprogram for 30 kr til inntekt for Skulekorpset. Det er ganske interessant. Eg orda frampå til Øystein om at eg ville ta meg ei ny runde mot kvelden, for det var i enkelte hus dei ikkje let opp døra. Det kan eg berre spare meg, seier han, der let dei aldri opp. Av dei som let opp var det berre ein ung gut som ikkje kjøpte.

Andre teikn på at 17-mai nærmar seg, er telefon om kakebaking eller kakesal. Eg fekk velje og valde baking.

Og Olaug? Ho kjem seg. Men ho har vore heime frå skulen i dag. I morgon får vi sjå. Ho er temmeleg slapp enno.

2 kommentarer:

Anlen sa...

Det er heilt sant: Det er ikkje alle hus det er vits i å gå på døra for å selje noko som helst. Når du har gått nokre gongar, veit du kvar du skal hoppe over ei dør.... Eg gjer det, i alle fall.

I gamle dagar gjekk eg av og til og selde lodd, og ei eldre dame ville aldri ha lodd. Ho var nesten uhøflig, syns eg. Og no går ho og sel lodd sjølv. Eg har hatt lyst til å minne henne på at ho aldri ville ha lodd då eg gjekk. Men eg er vel for veloppdragen...

solveig sa...

Eg hugsar eldstemann klaga over at "folk lyge". Han miste gnisten av det.

Her er ei yngre av den typen du beskriv i nærheita. Opptil fleire av dei som ikkje kjøpte med eldstemann har fått born sjølve. No forstår dei vel. Men samtidig er det folk som tidlegare hadde born i korps som ikkje kjøper/let opp.
Olaug likar framleis å selje, ein stad får dei alltid karameller eller sjokolade i tillegg til eit godt kjøp.