onsdag 13. mai 2009

Borddekking

- eller litt meir frå konfirmasjonen.
Det er ikkje akkurat mangel på koppar og fat her i huset. Men når eg skal dekke til meir enn 18, må det bli med to ulike tallerkensortar. Eg valde mørkeblå dukar denne gongen også og lysare blå glas. Koppane med kornblomster på kom eg over for sju år sidan. Då hadde eg lyst på koppar med litt mønster på som passar til kvite fat. For to år sidan var det fleire som ønska seg koppar, men ingen som valde det eg likte best, Tid. Då fann eg ut at eg kunne kjøpe meg berre nokre få sjølv. Noko meir enn åtte skulle eg ikkje ha. No har eg 13 koppar og 15 fat, 30% her og 50% der.

Middagsserviettane kjøpte eg for eit halvt år sidan. Dei skulle eg ha i tilfelle eg ikkje fann andre og finare. Før dei to andre konfirmasjonane har eg vore ute i siste liten med å få tak i store serviettar. Kaffiserviettar finst det mange fine av. Eg har som kjendt ei lita samling, men eg hadde ikkje to av kvar pakke. Desse kjøpte eg fredag ettermiddag i blomsterbutikken.
P.S.
Eg har fått spørsmål om eg ikkje hadde dessert på koldtbordet. Svaret er jau, vi hadde karamellpudding, sjokoladepudding og gele med jordbær, og sjølvsagt krem og vaniljesaus.

Ingen kommentarer: