laurdag 2. mai 2009

Vi let oss ikkje lure


...i alle fall ikkje til å stemme! For kva er vitsen? Siste mann ut vinn alltid. I dag sa ikkje dommarane at vi måtte skunde oss å stemme på Lydia, men dei to karane skamroste henne.
---
Oppskrifta er enkel. Åtte artistar opptrer. Den dei vil ha vidare, set dei opp sist. Kanskje det er nokre ekstra kroner å vinne på at folk har stemt på ulike før, men gjev ei ekstra stemme til den siste og beste? Ikkje veit eg, men eg meiner dommarane, eller dei bak dommarane, legg sterke føringar for stemminga.
---
Lydia vann som fortent i dag.

2 kommentarer:

Besta sa...

Dette programmet har vi ikkje sett, men eg forstår kva det gjeld. Og du har sikkert rett. For øvrig meiner eg at det er ein uting med all den stemminga- "sniklisens" kallar eg det.

solveig sa...

Ungar likar konkurrandse, så dette er eitt av dei programma eg ser saman med dei i tillegg til korslaget.
Før stemte eg av og til på politiske debattar. det var den gongen det kosta 1 krone. Det var vel for å få folk over terskelen. no er det 5 kroner som gjeld. Då stemmer eg berre i finalen.
Set dei opp Håkon sist, og skryt av han, gidd ikkje eg å bruke teljarskritt på det!