laurdag 30. mai 2009

Staden er Syvde

I dag var mi venninne M og eg på det som har vorte den årlege turen til plantesenteret på Nerlandsøya. Vi stoppa og i Fosnavågen og åt ostekake og drakk kaffi. For første gong var det så flott at vi kunne sitte ute på bryggja.
I år la vi inn ei ekstraoppleving; ein tur til Syvden. Bilda er tatt frå utedekket oppe på ferja.
Ein kollega av oss har salsutstilling i eit galleri i Syvden. Utstillinga opna no i "kostarikjedagane" der.



7 kommentarer:

Besta sa...

No ventar eg på eit innlegg om kva du kjøpte.
Vi har rydda i hagen vår både i går og i dag. Det ser bra ut ovafor huset no.

solveig sa...

Eg kjøpte mellom anna ein heilt ny sort, men trur du ikkje han let seg att etter at eg hadde planta han? Så eg ventar til i morgon med planteinnlegget.

Besta sa...

Det maleriet i midten nede(bomba hus?) var utruleg fint.Det kunne EG tenkt meg og kjøpt, men det kosta vel flæsk!

solveig sa...

Eg meiner det er ein nedlagt fabrikk. Der var eitt eg likte betre, men bildet av det vart for dårleg til å legge ut. Prisen var rundt 7000,- +5%.

Besta sa...

Det er sikkert ikkje nokon overpris, men vi er ikkje vande til å bruke pengar på kunst, så derfor blir det ikkje kjøpt.Min gamle klassekamerat, Nils Taklo, driv og sel bilde også. Han har mange frå hav/fiskarmiljø.Det var også noko eg kunne ha tenkt meg.Det er vel ikkje så stor KUNST, men artig å ha.

solveig sa...

Roger Wagland er kanskje mest kjend som "han med pilene".
Du hugsar kanskje pila i rundkøyringa som dirrar?

Hildegard sa...

Las i Regionavisa om messa i Syvde. Utruleg kva folk får til rundt om kring. Mange flinke kunstnarar som stiller ut på disse messene. I Kalvåg er det også mykje artig å få kjøpt og Gamlebanken her er full av kunst.
Eidabesta