søndag 29. mars 2009

Vel blåst!

Det er første gong vi har vore på den årlege vårkonserten med alle korpsa i kommunen. Det er tre skulekorps og to vaksenkorps. I går øvde skulekorpsa med ein innleigd inspirator der temaet var å spele utan notar. Dei avslutta med desse fellesnummera. Notane var framme tidlegare i programmet.

Programmet var variert. Melshorn hadde allereie øvd inn "Fairytale" med Nydal innhyrt som felespelar. For meg er det heilt umuleg å vurdere kvalitet. Men så er det heller ikkje noko poeng å dele ut karakterar til dei ulike. Vi kosa oss gjennom programmet.

Hareid skulekorps var vertskap. I går kom Olaug og sa at mor til I har baka fire kaker. I dag fekk eg vite at nokre hadde gitt beskjed lovleg seint om at dei ikkje kom. Hadde eg visst det eg veit, skulle eg like godt ha laga dobbel Kvæfjordkake. Det å røre smør og sukker i små mengder, er berre ei plage på Kenwooden. men kaker vart det nok av. Eg fekk med meg brorparten av blautkaka heim att. Olaug hadde forklaringa:"Det var fordi at du og Anlen laga sameleis." Kanskje vi skal skulde på blogginga?

2 kommentarer:

Elin sa...

Gratulerer med vel blåst. Travel helg....?
Skal prøve å lage sviskekaka di til helga, svigerfar skal feire 80 år. Går det bra, trur du?
Så lurte eg på om du har laga gammaldags "lagkake", om du forstår kva eg meiner. Har du ei oppskrift? Hugsar det var søtt og godt...

solveig sa...

Sviskekaka er enkel og gos!
Lagkake har sikkert eit anna namn her. Kanskje mamma kan begge?