søndag 9. mars 2008

Bøker på gang

Denne boka hadde mamma med seg som lydbok forrige helg. Eg la den inn på min MP3. Det er ein kriminalroman som er framhald av Nobels testamente. I dag gjekk eg meg ein tur og høyrde ein CD. "Feilen" med dette lydbokforlaget (Pirat, trur eg), er at der berre er 3-5 spor på kvar CD. Eg kan ikkje stoppe midt i eit spor på min MP3. Boka er spennande. Det tek meg nok ikkje mange dagar å lese den.
Denne boka lånte eg papirutgåva av i går på biblioteket. M anbefalte den, og kvifor ta henne på ordet? Boka engasjerer frå første side. Problemet mitt er at eg må ha det stilt rundt meg når eg les. No håper eg på fine dagar med tid til lesing i solveggen.

3 kommentarer:

Besta sa...

Eg visste ikkje at den krimboka var framhald av Nobels testamente, som eg ikkje har lese.
Har ikkje lese den andre boka du har heller, men forfattaren kjenner eg til. Las ei veldig bra bok som han har skrive, men kjem ikkje på tittelen.

Besta sa...

Boka eg tenkjer på heiter VANÆRE og blir lesen av Lasse Kolsrud, ein av favorittstemmane mine.

arieldog sa...

Eg har lånt den Marklund-boka + den som kom før, så då blir det påskekrim! Er veldig begeistra for Marklund. "Vanære" har eg lese og likt - eg er glad i bøker frå Afrika. Har nokre vekttal i afrikansk litteratur som eg likar å vifte rundt meg med i lystig lag...