fredag 7. mars 2008

Lukta av grønsåpe og vaflar

Denne orkidéen fekk eg av mamma forrige søndag. Med tre orkidéar og ei gjennomsiktig potte, bestemte eg meg for å skaffe meg nye potter. Det er no ein gong slik, at om du kjøper ei blomsterpotte og vil ha ei til nokre månader seinare, ja så har dei skifta ut heile potteparken. Derfor kjøpte eg tre like potter i dag, ei til kvart vindauge på stova.
Inne på Korsnes blomster kom eg over gule sviblar! Det er alltid kjekt å kjøpe seg noko "fordi ein fortener det". I dag tidleg køyrde eg Øystein på kaia. Han skal på årsmøte i Forfattarforeininga og bu på hotell i Oslo. No har eg vaska huset, og då belønner eg meg sjølv med litt blomster. Følg med, det kan kome framhald!

3 kommentarer:

arieldog sa...

Gule sviblar høyrdest utruleg stilig ut!

Besta sa...

Har aldri sett gule sviblar. Kanskje det blir den nye påskehiten?
Sviblar minner meg alltid om bestemor Hilda som hadde bursdag 19.mars -midt i svibelsesongen!Ho var fødd i 1878.

solveig sa...

Sesongane er vel meir eller mindre utviska no. Krysantemer er blitt påskeblomster, men er ikkje det eigentleg ein haustplante?