fredag 28. mars 2008

Grovbrød


I går sat eg og oppdaterte meg på brødbaking. Då kom eg over ein "ny" nettstad: http://www.brodogkorn.no/.
Der viste dei korleis ein kunne bake skilpadder og krokodiller.
I dag fekk eg lyst å prøve!

Eg laga brøddeig av ein liter væske, og sette i gang.
Både Håkon og Olaug såg kva eg styrte med, og fekk lyst til å lage sitt eige brød.
Håkon bestemte seg fort for å lage "eit perfekt brød med frø på", og Olaug laga ein kylling.
---
På skulen driv vi med eit undervisningsopplegg som Signe og eg klekka ut då L06 kom. Det vart m.a. lagt vekt på å "skape og utvikle", "lage produktinformasjon" og "reklamere for eit produkt". Elevane får no lage si eiga brødoppskrift (med sterke føringar - det sikrar at det vert vellukka), dei bakar brødet og dekorerer brødposen i tillegg til å teikne brødmerke og skrive anna merking på posen. Når dei har førebudd dette, går det fint på 3 skuletimar med innlagt måltid. Halve klassa lagar brød og resten lagar middag etter tallerkenmodellen.
---
Veit de forresten kva som er definisjonen på "grovbrød"? Jau, det skal vere minst 50% grovt mjøl i det. Det daglege brødet meiner eg bør vere 75% grovt. Elevane sine brød skal ligge mellom 50-75% grovt.

http://www.brodogkorn.no/ fann eg også påskebrød frå mange land, litt seint for i år, men eg sette dei i permen til neste år. Kanskje det vert ein ny vri på påskelunchen?

2 kommentarer:

arieldog sa...

Det var utruleg stilige brød! Eg fekk sporenstreks lyst til å bake - men det går vel over

Besta sa...

Kjempeflotte brød, men eg held meg til Ingers-100% grovt!Dei blir ein mette av. Kjøpebrød monnar ikkje!