laurdag 8. mars 2008

8. mars III

På 8. marsarrangementet var det ei arabisk (Eg fekk ikkje med meg kva land ho kom frå. Ho snakka arabisk og hadde ikkje skaut.) Ho fortalde om kvinna si stilling i den arabiske verda. Om korleis kvinner i Syria kunne ha høge stillingar, men når dei kjem heim att, må dei lyde mannen.

Det finst kvinnemishandling i alle land. Men vi har andre ideal. Eg hugsar ein samtale då eg underviste innvandrarar. Eg fortalde at det var forbudt å slå born i Noreg. Dette syntest mennene var latterleg. Mannen hadde rett til å slå kone og barn, kom det frå ein av dei tøffaste. Eg sa at hadde mannen min slått meg, ja så hadde eg reist frå han. Eg har jobb og kan greie meg sjølv. I Norge er det ingen kjærlighet, svarte han. Jau, I Norge er det berre kjærlighet som bind mann og kone saman, svarte eg. Ein mann slår ikkje dei han er glad i. Dette er sjølvsagt svært forenkla.

Eg har lese ut begge dei to bøkene om den svenske kvinna som vart mishandla. I den siste boka tek ho føre seg også på eit meir generelt grunnlag korleis mishandling av sterke kvinner kan skje. Det er ein eigen dynamikk. Eg anbefaler dykk å lese bøkene.

Dei kvinnene eg er mest bekymra for i Norge, er dei som er oppvaksne i Norge, men må gifte seg i heimlandet for å få ein "fetter" hit. Desse "fetterane" slit nok med å tilpasse seg dei norske konene sine.

Dei karane eg underviste for ca 20 år sidan, har no born som er opp til ca 17 år. Det skal bli spennande å sjå kven dei gifter seg med! Eg trur ikkje dei kan velje fritt. Eg spurde ei jente ein gong: Kva viss du forelska deg i ein flott norsk gut? Nei, nei, flira ho.

Ingen kommentarer: