fredag 14. mars 2008

Ulykkesdag

Onsdagen fekk ein skikkeleg irriterande start. Det starta med at MP3-spelaren var heilt daud. Det var ikkje muleg å få kontakt med han. Og det midt i "livstid". Boka hadde eg lånt av mamma då ho var her og berre lagt inn på MP3-en.

For dei som ikkje har MP3-spelar kan eg opplyse om at ein har to val. Ein kan legge boka inn på MP3-en eller på MP3-en og datamaskina. Eg hadde sjølvsagt berre lagt boka inn på MP3-en. Så fekk eg berre sykle på jobb utan bok på øyret. Der hoppa kjeda av sykkelen! Eg måtte leie sykkelen. Det skjedde dagen før også, så no er det vel ikkje håp. Dessutan har eg sykla på eitt gear sidan i haust.

Sykkelhuset (Ein gong ho ringde meg trudde eg Audun var innlagd) opnar ikkje før etter påske. Lite å gjere med.

Etter middag hadde eg bestemt meg. Biblioteket neste. Eg la fram problemet. Papirutgåve eller lydbok, det kunne vere det same berre eg får med meg slutten. Nei, lydbok måtte det vere, meinte ho, og det kunne ho skaffe før påske. I dag, fredag, var boka komen! Snakk om sørvis!

Så var det MP3. På El-kjøp hadde dei ikkje ein einaste MP3 med 4GB. Men ei ny utgåve av creative 2MB til 499. Eg sjekka konkurrenten. Ikkje gamlemodellen til 800 kr der, slik eg har sett avertert. Nei, vel, eg fekk kjøpe den med berre 2GB då. I kassa skulle dei ha 999! Nei, då skal eg ikkje ha den, sa eg. Enden på visa var at eg fekk den for 499. Det var det den var verd etter min meining. Torsdag hadde konkurrenten same med 4GB til 999.

Seljaren forstod sjølvsagt ikkje kva eg skulle med 4 GB, ein ung kjekk kar. Eg likar å ha 4 bøker på igongen. Han ville selje meg I-pod sidan eg hadde så høge krav forstod eg, men då må eg ha eigen PC. Det hadde han til halv pris. Ja, ja, i vidare irritasjon, eller eigentleg ikkje, det var vel eit greit kjøp, sånn sett, sette eg meg ned for å lære meir. No har eg funne ut korleis eg kun lagrar bøker på PC-en, for seinare å legge dei inn på MP3-en. Eg kunne det på den første MP3-en eg hadde, men denne har eiga programvare.

No har eg nettopp gått meg ein tur og høyrt CD nr 8!

1 kommentar:

Besta sa...

Det er liksom somme tider at det toppar seg! Dette blei VEL teknisk for meg, men ein stad må du no ha arva den tekniske innsikta di frå, så eg hadde vel forstått det med litt meir undervisning.Bror din kjem i morgon, då har eg diverse data-oppgåver til han!