onsdag 14. oktober 2009

Populære piker

Tidlegare laga vi tilslørte bondepiker i skåler slik at kvar elev kan ta så mykje han eller ho vil. Eg har ikkje rekna desserten som populær tidlegare. I dag tok vi fram stetteglasa og laga ein porsjon til kvar. Aldri har det vore ete så mykje "bondepiker" på mitt skulekjøken før!

For ordens skuld: De ser at bildet er frå kokeboka!

Tips: Vi knuser grove kavringar, såkalla skorper. Det smakar mykje betre enn om ein kjøper strøkavring.



6 kommentarer:

Besta sa...

Ein av yndlingsdessertane mine!

arieldog sa...

Ein av mine favorittar òg, men det var uventa at elevane likte den!

solveig sa...

Vi får sjå om det held ut veka!

Alt godt sa...

Eg fann nokre kjeks med appelsin og sjokolade, slike harde "cookies"-type. Dei var perfekte i denne desserten! Mmmm...

solveig sa...

Spørs om det ikkje vert bypiker!

Alt godt sa...

Det er nok bypiker, ja. ;-) Eller festpiker, alt etter som.