søndag 4. oktober 2009

Smuldrepai med eple

Her kjem oppskrifta som er grunnlaget for den eplepaien eg av og til har servert til dessert her. Eg bruker å doble oppskrifta til den store eldfaste forma mi. (Steg for steg oppskrift her)

Smuldredeig:
2 dl kveitemjøl
2-3 ms sukker
1/2 dl malte mandlar/nøtter
75 g smør

500 g eple, i bitar
1/2 dl sukker
(eg bruker litt rosiner i, det syg opp væske frå epla)

1. Bland alt til smuldredeigen i foodprosessoren.
Den skal bli grovknudrete.
Hakk ev. mandlane/nøttene i maskina først.
2. Legg eplebitane og ev. rosinene i forma.
Dryss på sukker og fordel deigen over.
3. Steik ved 225 grader ca. 25 minutt.

Server lunken med mjukpiska krem med litt ekte vaniljesukker i.

Denne smuldrepaien kan du variere med ulike frukttypar, gjerne i blanding, t.d. pærer, nektarinar, fersken og/eller plommer.

Hadde eg berre hatt eple i hus....
Journalisten flyttar til Førde i morgon, og dette er ein av hans favorittar.

p.s.
Ei lita presisering: Her må du spandere meierismør for å få den gode smaken.

6 kommentarer:

Besta sa...

Takk for oppskrifta. Eg skal ikkje lage den i dag, men kan no passe på å ha ingrediensane i hus.Ein kan vel lage dei gen utan nåtter viss ein ikkje likar/toler det?Vi har nydelige eple som vi kjøpte i Lærdal, men dei er for gode til å bruke i kaker. Våre eigne eple rotnar etter kvart.......

solveig sa...

Ja, neter kan ein sløyfe. Dei av mine vener som har nøtteallergi, toler mandlar. Havregryn er sikkert godt i også. Dette er berre ei grunnoppskrift.

Hildegard sa...

Takk for oppskrifta. Har planer om å lage eplekaker til bursdagane i slutten av mnd. Det er også godt med "tilslørte bondepiker" med krem viss ein ikkje har tid til å lage kake. Heimelaga eplesylte er fint til det.
Eidabesta

solveig sa...

På skulen skal vi lage tilslørte bondepiker etter haustferien. Det er også ein av mine favoritter. Elles er eg ein stor tilhengar av enkle oppskrifter, helst med lite rot og oppvask.

Besta sa...

Ein av mine favorittar er steikte eple.Då fyller ein holet etter kjernehuset med sukker og kanel og steiker epla i steikomn eller mikro.Enklare kan det ikkje bli. Server med KREM !

solveig sa...

Åååå, der sa du noko! Kanskje litt rosiner i midten også. Det kan no vere ein fin dessert for Håkon og meg når vi vert åleine heime.